Fotavtrykk frå fortida
24. mar 2006 06:00
Dei første menneska kom kanskje til Amerika for 40 000 år sidan. Forskarar har nemleg funne fotavtrykk frå menneske i byen Puebla i Mexico, og trur at avtrykka er så gamle.
Eit 40 000 år gammalt fotavtrykk er funne i Mexico. FOTO: AP/SCANPIXFotavtrykka vart funne i oske frå ein vulkan. Forskarane meiner at dei har funne avtrykk frå menneske, både vaksne og barn, saman med fuglar, kattar, hundar og klauvdyr. Funna tyder på at menneska flykta frå eit vulkanutbrot. Ved hjelp av ein metode som blir kalla karbondatering, har forskarane funne ut at skjel som vart funne saman med fotavtrykka, er 40 000 år gamle. Det kan altså ha vore menneske i Amerika lenge før den siste istida i Nord-Amerika for 20 000 år sidan.
Hittil har vi trudd at menneska kom til Amerika for 15 000 år sidan. Det er basert på funn som arkeologar tidlegare har gjort i Chile i Sør-Amerika. Der har dei mellom anna funne spor etter leirbål som er så gamle. No gjer forskarane undersøkingar for å forsikre seg om at det verkeleg er fotavtrykk dei har funne.
Publisert i Nysgjerrigper 1/2006
Sist endret: 24.03.2006