Fann skattar frå vikingtida
02. mar 2006 06:00
Tre femåringar vart heltar i Tromsø då dei fann gamle smykke mens dei leika i ein hage. Smykka vart sist gong brukt for over 1000 år sidan, og då hang dei rundt halsen på vikingar!
Tvillingane Arthur og Teodor (og fetteren Jesper) fann skattar frå vikingtida! FOTO: INGER STORLISist sommar skjedde det noko heilt spesielt for tre fem år gamle gutar som var ute og leika i ein hage i Tromsø. I ei steinur i hagen fann dei eit stort, rundt sølvsmykke med vakre drakehovud.
Sjeldsynt funn
Då arkeologane frå Tromsø Museum fekk sjå smykka, vart dei ville av begeistring. Det er ikkje kvar dag arkeologar får vere med på slike funn. Arkeologane trur smykka er frå 1000-talet, altså frå vikingtida. Dagen etter at gutane fann vikingskattane, begynte arkeologane å leite etter fleire smykke med ein metalldetektor. Dei fann endå fleire smykke på same stad.
FOTO: INGER STORLIOffergåver?
Arkeologane er ikkje sikre på korleis skattane hamna i steinura. Dei trur ikkje smykka stammar frå gravferder, men det kan ha vore nokon som har prøvd å lure unna verdiar, eller dei kan ha vorte ofra til gudar. Skattefunnet bekreftar også at samar og nordmenn levde saman alt i vikingtida. Det kan derfor ha vore samar som eigde smykka.
FOTO: INGER STORLISjå sjølv!
Denne vinteren blir smykka stilte ut ved Tromsø Museum - Universitetsmuseet. Dersom du bur i Tromsø eller skal på besøk dit, kan du sjå vikingskattane med eigne auge.
Du kan sjå fleire bilete av skattane på nettsida til Tromsø Museum!
Publisert i Nysgjerrigper nr. 1/2006
Sist endret: 02.03.2006