Så mørkt som det kan bli

22. des 2006 06:00

sol, solnedgang, fjell, sjø

Frå sommarsolkverv i slutten av juni og fram til i dag, har dagane blitt kortare og kortare. No går det derimot mot lysare tider, men inntil vidare med sneglefart. Fram mot nyttår blir kvar dag berre 7 minutt lengre enn den føregåande.

Dagen i dag har mange namn. Nokre seier solsnu og andre seier vintersolkverv. På kinesisk snakkar ein om "dong zhi", som tyder at vinteren er på veg. Det er vanleg at fiskarane samlar mat og førebur seg på den kalde årstida, og familiar blir ofte samla att på denne dagen.

Lysfest

Vintersolkverv har alltid vore ein dag fylt med glede, spesielt her langt mot nord. Datoen for markeringa har derimot variert. I tidlegare tider var det 13. desember som vart reikna for å vere den mørkaste dagen i året. Den dag i dag feirer mange Lucia-dagen med ein lysfest.

Vintersolkverv vart i vikingtida feira med mykje mat og mjød. Det var også tradisjonen at juleølet skulle bli bryggja denne dagen.

Enkle symbol

Istadenfor kalendar brukte ein for mange hundre år sidan noko ein kalla primstav. Det var rett og slett ein treplanke som hadde dei ulike dagane markerte som strekar. 365 strekar til saman. Nokre viktige dagar hadde enkle symbol teikna inn.

Symbolet for vintersolkverv var ei lita sol som var på veg oppover. Ved vintersolkverv venta ein ofte at veret skulle skifte. Slik veret var denne dagen, skulle det bli i tida framover.

Ein viktig dag på mange måtar

Den 22. desember i 1989 fekk folk i Tyskland ein flott førjulspresang. I Berlin, som er hovudstaden i Tyskland, blei ein mur som hadde delt byen i nesten 30 år riven ned. På denne dagen i 1877 oppdaga Wilhelm Røntgen røngtenstrålane. I USA ble det i 1888 ei strålande jul. Thomas Alva Edison medverka til det. Han lagde dei første elektriske juletrelysa.

Sist endret: 22.12.2006

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Marit Møllhausen 

RSS strøm
Hva er RSS?