Rakett skal løyse nordlysgåta

02. okt 2006 00:00

Neste år skyt norske fysikarar opp ein rakett for å løyse nordlysgåta. Dei får berre eitt forsøk når den åtte tonn tunge raketten skal frese gjennom nordlyset i nesten ti minutt.

Nordlys/Nysgjerrigper 3-06FOTO: EDELFIXNordlyset er framleis eit mysterium, og er eit av dei store uløyste problema i fysikkverda. Nordlyset er òg ei utfordring for flytrafikken. Når det vakre lyset fløymer over nattehimmelen, kan flya over polarområda miste radiosambandet i fleire timar. Det er uheldig og kan føre til at flya kjører i feil retning.

Nordlysvarsel

Fysikarar ved Universitetet i Oslo vil derfor finne ut kvifor nordlyset øydelegg radiosambandet. Akkurat som meteorologane varslar storm og regn, ønskjer forskarane eit såkalla nordlysvarsel. Det er smart, for då veit pilotane når dei ikkje får kontakt med flygeleiarane.

Vanskeleg å studere

Nordlyset finst nokre hundre kilometer over bakken. I dag er det berre mogleg å studere nordlyset frå bakken eller frå satellittar 800 kilometer unna. Det er omtrent det same som om fysikarane sit på kontoret sitt i Oslo og bruker kikkert til å studere kva som skjer på Lillehammer.

Innsida av nordlyset

For å forstå nordlyset må fysikarane studere nordlyset frå innsida. Den einaste sjansen er med rakett. I 2007 skyt fysikarane opp ein forskingsrakett frå Ny-Ålesund på Svalbard. Raketten er åtte tonn tung og skal flyge i tjue minutt. Han skal frese gjennom nordlyset mellom fem og ti minutt før han styrtar i havet. Undervegs skal han gjere ei rekkje målingar.

Fysikarane håper at desse målingane vil avsløre løyndommen til nordlyset.

Publisert i Nysgjerrigper nr 3/06

Sist endret: 02.10.2006

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Marit Møllhausen 

RSS strøm
Hva er RSS?