Men inni er vi like!

25. okt 2006 23:00

Vi har lenge visst at arvemateriala til mennesket og sjimpansen er nesten heilt identiske. Likevel er vi så ulike! No er arvemateriala til begge artane kartlagde, og forskarane er i gang med å samanlikne og finne ut akkurat kvar forskjellane ligg.

Gutt, lek, tau/Nysgjerrigper 3-06FOTO: CORBIS/SCANPIXSjimpansen er den nærmaste slektningen vår, og vi har mange trekk felles. Både mennesket og sjimpansen er intelligente dyr som bruker reiskapar og lever i avanserte sosiale samfunn. Men det er òg store forskjellar. Mennesket er blitt tobeint og nesten hårlaust. I tillegg har vi utvikla ein stor hjerne, som har gjort det mogleg for oss å utvikle andre viktige menneskelege trekk, som evna til å snakke og tenkje abstrakt.

Kva for gen er forskjellige?

Forskarane ville samanlikne gen frå mennesket og frå sjimpansen for å finne akkurat kva for gen som er forskjellige. Dermed kunne dei finne ut kva for gen som gjer oss til menneske, og kvifor.

Forskarane har greidd å finne nokre få gen som gir bestemte forandringar: eitt som gir oss dårlegare luktesans og kanskje frigjer plass i hjernen til andre ting?, eitt som gir oss betre evne til å snakke, og eitt som gir oss mindre kjevemusklar. Kanskje har det ført til at mennesket har fått utvikla større hjerne utan at hovudet blir for tungt? Men dei store forskjellane ligg utanfor gena, i den delen av arvematerialet som styrer korleis gena blir brukte.

Sjimpanse/Nysgjerrigper 3-06FOTO: CORBIS/SCANPIXAktive gen

Vi kan sjå at gena i hjernen til mennesket er mykje meir aktive enn gena til sjimpansen. Det er ikkje rart, sidan hjernen vår er mykje større og bruker meir energi. Eit anna særpreg for arvematerialet hos mennesket er at det kan forandre seg raskare og er meir tilpassingsdyktig.

Gena utgjer berre 1,2 prosent av arvematerialet. Mesteparten av det andre blir ofte kalla skrot-DNA. Forskarane har ikkje visst kva for ein funksjon det har, og har gått ut frå at det berre var restar av arvemateriale frå mennesket si utviklingshistorie eller frå feilkopiering av arvematerialet. Men nyare forsking tyder på at det har viktige funksjonar.

Som ein symfoni

Bestemte DNA-bitar, såkalla DNA-termostatar, styrer gena - slår dei av og på og bestemmer kor aktive dei skal vere. Sjølv om mange av gena er identiske hos dei to artane, gjer DNA-termostatane at dei gir forskjellige utslag. Tenk deg at gena er som instrumenta i eit orkester, som kvar lagar sin særeigne tone. DNA-termostatar er som musikantar som spelar på instrumenta. Musikken ein får, er avhengig av korleis det blir spela på instrumenta. Og mennesket og sjimpansen er som to ulike musikkstykke som blir spela på dei same instrumenta.

Sjukdommar har spela inn

Samanlikningar av skrot-DNA viser også at både sjimpansen og mennesket har DNA-bitar som ikkje finst hos den andre, og mange av desse bitane er restar etter virusangrep hos den eine arten. Sjukdommar har altså spela ei stor rolle i utviklinga av artane. Det er truleg slike endringar som gjer at sjimpansar er motstandsdyktige mot mange fleire sjukdommar enn det vi er.

Maten kan påverke gena

Forskarar har òg nyleg oppdaga at maten vi et, kan påverke styringa av gena. Mens sjimpansen hovudsakleg er planteetar, et mennesket mykje kjøtt, noko som gir konsentrert energi til bruk i vårt energisluk av ein hjerne.

Publisert i Nysgjerrigper nr 3/06

Sist endret: 25.10.2006

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Knut van der Wel 

RSS strøm
Hva er RSS?