Kryssar verdshava på to år

01. sep 2006 00:00

Snart kjem ein oppsiktsvekkjande vitskapsstasjon på havet som berre skal drivast med havstraum og vind. Den unike farkosten skal bruke to år på å krysse verdshava.

Sea Orbiter, Nysgjerrigper 3-06, Illustrasjon: Jacques Rougerie (MÅ KUN BRUKES ETTER AVTALE MED NYSGJERRIGPER)Illustrasjon: Jacques RougerieDen spesielle forskingsstasjonen blir 52 meter høy og 15 meter brei og ser ut som ein oppreist hai på havet. I den øvste delen av forskingsstasjonen skal forskarar studere bølgjer, klima og endringar i luft og vatn. Ein stor del av forskingsstasjonen blir liggjande under vatn. Der skal forskarane studere fisk og plankton.

Treningsstad for astronautar

Astronautar blir også med. Når dei skal øve seg på å vere vektlause i rommet, er det lurt å trene i vatn. Meininga er at astronautane skal bevege seg frå botnen av fartøyet i dykkardrakt og ut i havet for å trene på mange praktiske oppgåver, slik som å skifte mutterar.

Modell testa

Forskingsinstituttet Marintek i Trondheim har laga ein tre meter høg modell av vitskapsstasjonen og testa han i havbassenget sitt. Det er lurt, for når folk skal jobbe og bu der i lang tid, er det ganske dumt om dei går rundt og er sjøsjuke heile tida.

Det viste seg at fartøyet gynga altfor mykje. Derfor har dei norske forskarane funne ei smart løysing. Dei har endra storleiken på dei finnane som stikk ut frå farkosten. Dei har også montert små propellar på finnane. Det gjer det mogleg å motverke bølgjerørslene.

Publisert i Nysgjerrigper nr 3/06

Sist endret: 01.09.2006

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Marit Møllhausen 

RSS strøm
Hva er RSS?