Velkomen til mars!
03. nov 2006 06:00
I meir enn to år har roverane Spirit og Opportunity rulla rundt og utforska overflata på planeten Mars. Dei har teke prøvar av stein og fjell, og sendt bilete heim. Bli med til den raude planeten!
FOTO: NASA/JPL/Cornell
Geologiske forskjellar
Spirit har teke dette biletet ved hjelp av panoramakameraet sitt.
Det er brukt fargar for å få fram dei geologiske forskjellane på staden.
FOTO: NASA/JPL/Cornell
Rover
Roveren er ein robot-geolog som utforskar overflata på Mars. På masta har fartøyet festa avanserte kamera. For å kunne kjøre rundt hentar han energi frå solcellepanel.
Roveren har også andre typar kamera som gir han informasjon om området han er i, og kvar det er lurt eller ikkje lurt å kjøre.
FOTO: NASA/JPL/Cornell
Spirit
Frå denne plattforma rulla Spirit ut for å utforske den raude planeten.
FOTO: NASA/JPL/Cornell/USGS
Steinar
Slike steinar hadde forskarane aldri sett før dei vart oppdaga i slutten av 2004.
FOTO: NASA/JPL/Cornell
Columbia-åsane
Dette området blir kalla Columbia-åsane. I horisonten midt i biletet ligg åsane "McCool Hill" og "Ramon Hill". Åsane er oppkalla etter astronautane som omkom då romskipet Columbia eksploderte i 2003.
FOTO: NASA/JPL/Malin Space Science Systems
Mars
Biletet er teke av satellitten Mars Global Surveyor i år.
FOTO: NASA/JPL/Malin Space Science Systems
Olympus Mons
Den mystiske vulkanen Olympus Mons. Vulkanen er 27 km høg - omtrent tre gonger så høg som Mount Everest, det høgaste fjellet på jordkloden.
Vulkanen er også enorm i breidd og nesten heilt flat! Biletet er teke frå verdsrommet frå satellitten Mars Global Surveyor.
FOTO: NASA
Meteoritt
Dette er den første meteoritten som er funnen på ein annan planet. Meteoritten er på storleik med ein basketball og laga av jern.
FOTO: NASA/JPL/Cornell
Stein frå Columbia-åsane
Denne steinen er funnen i området Columbia-åsane.
FOTO: NASA/JPL/US Geological Survey
Den første steinen
Den første steinen Spirit undersøkte på Mars. Forskarane har kalla steinen Adirondack, og Spirit har undersøkt steinen med mikroskop og instrument for å finne ut kva steinen er laga av. Steinen er omtrent på storleik med ein fotball.
Clovis
Spirit drilla hol i denne steinen, som er funnen i Gusev-krateret. Forskarane har gitt steinen namnet "Clovis".
Opportunity
Opportunity har teke bilete av sine eigne hjul og bakken i Endurance-krateret.
Publisert i Nysgjerrigper nr. 2/ 2006
Sist endret: 03.11.2006