Spinne, spinne
19. jun 2006 23:00
Når trur du edderkoppane lærte å spinne? Nokre meiner dei små krypa kunne lage trådar alt mange millionar år før jorda såg sin første dinosaur.
FOTO: GV-PRESS For ei stund sidan fann forskarane eit nydeleg avtrykk av eit lite edderkoppdyr som døydde for 300 millionar år sidan. Då paleontologane kikka på åttebeiningen i mikroskopet, oppdaga dei at han hadde rader av små humpar like ved dei bakarste beina.
Rare knottar
Dei rare knottane likna mistenkjeleg på spinnvortene som dagens edderkoppar bruker til å lage silke. Men forskarane er ikkje heilt sikre. Kanskje dei gamle edderkoppdyra brukte humpane til noko heilt anna?
Publisert i Nysgjerrigper nr. 2/2006
Sist endret: 19.06.2006