Silke frå tidlege tider
04. jul 2006 23:00
Den eldste edderkopptråden i verda er 130 millionar år gammal, og ligg inne i ein klump med rav.
Silkesnor fra edderkopp – sett gjennom ei svært sterk lupe. FOTO: SPL/GV-PRESS
Rav er gjennomsiktige, gule smykkesteinar av forsteina kvae som ein gong pipla ut av stammen på forhistoriske tre.
For lenge sidan velta tilfeldigvis ein slik drope med seig saft over spindelvevet til ein edderkopp, og hermetiserte litt av silken for all æve. Tråden er så godt bevart at ein kan sjå dei bitte små dropane med klister som skulle få insekt til å sitje fast.
Levde før dinosaurane
Men den eldgamle silkesnora er ung i forhold til dei første edderkoppane. Dei kravla rundt for over 400 millionar år sidan, lenge før dei første dinosaurane sette sine bein på kloden.
Publisert i Nysgjerrigper nr. 2/2006
Sist endret: 04.07.2006