Øving gjer meister

29. mai 2006 00:00

Viss vi skulle tenkje på kor vanskeleg ballspel er, kan det hende vi ikkje hadde fått til noko som helst.

Kristine Lunde, Håndball, EM/ Nysgjerrigper 2-2006Når dei beste handballspelarane skyt, går ballen opp mot 110 km i timen. Det tilsvarer 30 meter på eitt sekund. Her skyt landslagsspelar Kristine Lunde under handball-EM i Budapest i 2004, då det norske laget tok gull. FOTO: C. FISKER/SCANPIX/DANMARKMagnus spring med ballen mot mål og skal sparke han til Emil, som også er i fart. For å treffe Emil må Magnus vite ganske mykje: Kor fort han sjølv spring, farten Emil har, kor hardt han skal kaste eller sparke, og kor langt Emil har sprunge før ballen kjem fram. Heldigvis slepp Magnus å tenkje på alt dette. Det held å øve.

Ferdigheitene blir automatiserte

- Når vi har gjort noko mange nok gonger, blir ferdigheita automatisert. Då tenkjer vi ikkje over det vi gjer, forklarer Rune Giske. Han har forska på ballspel ved Noregs idrettshøgskole og arbeider no ved Universitetet i Stavanger.

Automatisering skjer i samband med mange slags aktivitetar, for eksempel dataspel.

- For kvar gong du spelar eit dataspel, går det raskare. Du blir flinkare fordi du har gjort det mange gonger før. Fordi hovudet bruker lite energi på å tenkje, kan du handle raskare, seier Rune.

Sjå og øve

Forskarane veit lite om kva som skjer i hovudet når forskjellige ferdigheiter blir automatiserte. Men dei meiner at hjernen ønskjer å "spare" energi ved å sleppe å tenkje. Det tek lang tid før ferdigheiter blir automatiserte. For å bli ein god handballspelar tek det minst fem år. Derfor har dei beste spelarane halde på i mange år før dei kjem på landslaget. Måten å lære på er den same for alle ballspelarar.

Tolmod er viktig

Visste du at...

  • før ein person blir landslagsspelar, har han eller ho trena mellom 8000 og 10 000 timar. Det tek like mange timar å bli ein profesjonell musikar.
  • ein basketballproff skyt éin million skot mot korga i løpet av karrieren sin.
- For å lære noko i ballspel treng vi først ein idé om korleis det skal gjerast. Vi dannar oss eit bilete i hovudet ved å sjå korleis andre gjer det, og så prøver vi å få til det same sjølv. Vi må sparke, kaste eller ta imot ballar mange, mange gonger før vi meistrar det. Tolmod er veldig viktig for ein ballspelar. Viss du prøver mange nok gonger på ei spesiell oppgåve, får du det til! seier Rune skråsikkert.

Raskare spel

Når hjernen slepp å tenkje, kan kroppen handle raskare, og spelet går fortare. Men det er ei grense for kor fort det kan gå.

- Viss farten på ballen blir for stor, får spelarane problem med å ta imot, understrekar Rune. Det gjeld både i handball og fotball. Når dei beste handballspelarane skyt, går ballen opp mot 110 km i timen. Det tilsvarer 30 meter på eitt sekund. Då har ikkje keeperen tid til å tenkje når straffa kjem frå sjumeteren!

Ulempe med automatisering

Å øve så mykje at ei ferdighet blir automatisert, er ikkje berre positivt. - Ulempa er at det skaper lite variasjon. Ei automatisert rørsle går av seg sjølv. Situasjonen spelaren er i, kan krevje ei anna rørsle, forklarer Rune.

Noko som gjer ballspel vanskeleg, er å velje og bestemme seg for riktig framgangsmåte til kvar tid. Det finst ingen fasit, og spelarane må ta avgjerder heile tida. I handball så ofte som kvart tiande sekund.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 2/2006

Sist endret: 29.05.2006

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Marit Møllhausen 

RSS strøm
Hva er RSS?