Kjøttmeis strauk i gauktest

15. mai 2006 00:00

Gauken er kjend for å leggje egg i reiret til andre fuglar. Då norske forskarar plasserte egg frå kjøttmeis hos blåmeisa, gjekk det ikkje etter suksessoppskrifta til gauken.

Kjøttmeis i gauktest, Nysgjerrigper 2-2006Kjøttmeisa kan ikkje gjere som gauken: å leggje egg i reiret til andre fuglar. FOTO: JAN RABBEN/NN/SAMFOTO

Gauken er smart når han legg egga sine i andre fuglars reir. Då slepp han nemleg å bruke tid og krefter på å mate ungane sine.
I staden kan gauken bruke energien til å leggje fleire egg.

Snyltar

Fugleforskarar ved Universitetet i Oslo har lenge lurt på kvifor gauken er den einaste norske fuglen som snyltar. Kvifor gjer ikkje kjøttmeisa det same og legg egga sine hos blåmeisa? Blåmeisa er nemleg ofte borte frå reiret sitt. Det burde derfor vere lett for kjøttmeisa å leggje egg i blåmeisreir.

Testa kjøttmeis

Dette ville forskarane sjekke, og derfor tok dei den store gauktesten på kjøttmeisa. I eit skogsholt rett utanfor Oslo flytte dei kjøttmeisegg til blåmeisreir. Det første året gjekk det bra. Blåmeisene var kjempegode steforeldre. Kjøttmeisungane voks opp og hadde det kjempefint.

Kaotisk

Men året etter vart det kaos. Stebarn-kjøttmeisene song nemleg feil song - dei song akkurat som blåmeisa. Dei fleste av desse fuglane skjønte heller ikkje kven dei skulle pare seg med. Dei var så forvirra at dei prøvde å pare seg med blåmeis. Det gjekk ikkje så bra, for blåmeisene var lite interesserte i det. Så kjøttmeisene vart verande einslege og fekk verken familie eller ungar. Så konklusjonen er klar: Kjøttmeis strauk i gauktest.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 2/2006

Sist endret: 15.05.2006

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Marit Møllhausen 

RSS strøm
Hva er RSS?