God glid gull verd

10. aug 2006 00:00

I 15 år har norske langrennsløparar lege fremst i løypa og stått høgast på premiepallen. Den gode gliden har forskarar sørgt for.

Langrenn, gliprosjekt, Ole Einar Bjørndalen/ Nysgjerrigper 02-2006God glid heldt til sølv for Ole Einar Bjørndalen/Halvard Hanevold under OL i Torino i Italia i vinter. FOTO: Heiko Junge/SCANPIX

Året er 1989, og ein vil finne ut korleis skiløparar glir fortast. Forskjellige skisolar og smurningar blir testa. Etter nokre år blir forskarar ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim kopla inn. Og etter kvart gir satsinga i "Gliprosjektet" resultat.

27 medaljar

Norske skiløparar og skiskyttarar vinn 27 medaljar under VM i 1997 og OL i 1998! I dag blir resultata frå forskinga brukte også i alpint, hopp, snowboard, skøyter - ja, til og med båtar dreg nytte av arbeidet til forskarane.

Gli, Lasermikroskop, ski, skismurning/ Nysgjerrigper 02-2006Forskarane prøver å finne ut kva for ski og skismurning som gir minst friksjon. I lasermikroskop kan dei sjå korleis vatnet under skiene renn best unna. FOTO: RONNY WINTHER/NTNU

Liten friksjon

Forskarane si oppgåve i Gliprosjektet er å gjere friksjonen så liten som råd. Det er friksjon som bestemmer kor godt noko glir, eller om det glir i det heile. Viss friksjonen er liten, glir det lettare enn når friksjonen er høg. Når du går på gata, er friksjonen høg, og du glir ikkje. Men viss du går på isen, er friksjonen liten, og du glir veldig lett.

Bruker lasermikroskop

For å finne ut korleis ein kan gjere friksjonen liten, bruker forskarane mellom anna eit lasermikroskop. Her kan dei i minste detalj sjå korleis vatnet under skiene renn best unna. Forskarane har også eit instrument som måler strukturen på skisolen ned til 1/1000 millimeter!

Kajakk, gli, Marintek, NTNU/ Nysgjerrigper 02-2006Også kajakkens ”glid” gjennom vannet må testast ut for å sikre gullmedaljar. Kajakken er i testbassenget til Marintek ved NTNU. FOTO: FOTO: RONNY WINTHER/NTNU

Hemmeleg

Men forskarane blir tause når ein spør kva dei kjem fram til. Gliprosjektet er nemleg veldig hemmeleg. Forskarane og idrettsutøvarane vil ikkje at dei utanlandske konkurrentane skal få tak i resultata. Viss nokon andre får den same kunnskapen, kan det jo hende dei blir like gode som oss!

Publisert i Nysgjerrigper nr. 2/2006

Sist endret: 10.08.2006

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Marit Møllhausen 

RSS strøm
Hva er RSS?