Trollungar og heksejakt

21. nov 2005 06:00

heksetreff bloksberg nysgjerrigper 4/05

Tolv år gamle Maren Olufsdotter unngjekk så vidt å bli brend levande på bålet i Noregs verste hekseprosess vinteren 1662–63. Barneheksene vart kalla trollungar.

Under hekseprosessen i Noreg for omtrent 350 år sidan stod over 30 kvinner og jentebarn skulda for trolldomskunst. 19 av trollkvinnene vart brende. Maren slapp, men vart send i fengsel.

Svart magi

Dei såkalla heksene er menneske som vart forfølgde, pinte og brende. Men kvifor? Jau, trolldom vart rekna som eit brotsverk, og menneska som vart skulda for ei slik kriminell handling, skulle straffast. Heksene måtte straffast fordi folk trudde at dei var venner med djevelen, at dei kunne skade andre med magi, og at dei kunne ri på sopelimar, geitebukkar eller andre dyr.

Dei yngste heksene

Siri Jørgensdotter var 13 år, og kom frå Øyer i Gudbrandsdalen. Folk snakka og sladra, og spreidde rykte om at ho saman med mormor si først hadde ridd på ryggen av ein sau, og seinare på ryggen til faren, til heksetreff på Blåkollen. Prestane brukte slikt snakk og overtru til å misjonere for kristentrua. Både sauen og faren døydde straks dei kom tilbake derifrå. Ifølgje segna kom det av heksekunst, svart magi og trolldom. Siri unngjekk så vidt å bli offer for ein hekseprosess hausten 1730.

Maren og Siri er blant dei yngste som vart skulda for å vere hekser i Noreg, etter det forskarane kjenner til.

  Maren Olufsdotter

Maren veks opp hos tanta, trollkvinna Maritte Rasmusdotter, men er dotter av heksa Maritte Andersdotter, som vart brend rundt 1653–54.

Maren fortel at ho har møtt Satan, vore på besøk i helvete og omskapt seg til katt og kråke. Ho lærte det av Maritte Rasmusdotter, og fekk djevelskapen inn med øl. Saka blir anka til lagmannen, etter at det er kravd dødsdom. Maren blir dømd til tukthus i Bergen. Det såkalla barnehuset i Bergen vart oppretta i 1646. Maren gifta seg seinare i Vardø og døydde rundt 1694.



Trollkvinner

Det var framleis heksejakt i Noreg for 300 år sidan. Forskarane har kome til at 307 vart brende på bålet, flest fattige kvinner, og oftast i Finnmark og i Bergens-distriktet.

heks brent på bålet nysgjerrigper 4/05En heks blir brent på bålet. Ill. Corbis/Scanpix

– Dei vart kalla trollkvinner. Det skal ha vore kvinnene som lettast let seg friste og lure av djevelens mange påfunn. Derfor var det fleire kvinner enn menn blant heksene, fortel Rune Blix Hagen, som arbeider ved Universitetsbiblioteket i Tromsø og har forska på hekser.

Heksejakt i dag

Du trudde kanskje at slikt berre er eventyr, magi og overtru, eller at det berre skjedde for forferdeleg lenge sidan, i gamle dagar? Men nei, det føregår heksejakt i våre dagar òg, blant anna i Afrika.

– I Tanzania skal 5000 menneske ha døydd som følgje av heksejakt mellom 1994 og 1998, fortel hekseforskaren.

Harry Potter

I Noreg i dag finst det sjølvsagt også hekser, sjølv om dei er ”utlendingar”: Berre tenk på for eksempel Harry Potter, Madam Mim, Magica von Tryll og fleire andre frå bøker, teikneseriar og film. Natt til 1. mai er det Valborgsaftan, og det største heksetreffet kvart år føregår då.

– Dagens norske hekser er snille og greie. Vi må smile og vere vennlege mot dei, seier hekseforskar Rune Blix Hagen.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 4/05

Sist endret: 21.11.2005

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Marit Møllhausen 

RSS strøm
Hva er RSS?