Blodig dinosaurfunn
25. nov 2005 00:00
Dinosaurforskarar, eller paleontologar, har funne blodårer og kanskje til og med raude blodceller i fossilet av ein Tyrannosaurus Rex som døydde for 68 millionar år sidan.
Funnet kan få mykje å seie for evolusjonsforskinga, fordi det kan finnast mykje meir spennande informasjon i fossil enn det forskarane har trudd til no.
Dinosaurforskarane fann blodårene då dei undersøkte eit bein frå kjempedinosauren. Beinet var ikkje fylt med mineral, noko som er uvanleg for eit så gammalt bein.
No skal dei undersøkje protein i blodårene og sjå på slektskapen til andre forhistoriske dyr og dyr som lever i dag. Forskarane har òg nettopp funne spor av protein i eit 70 millionar år gammalt dinosauregg. Men dei trur ikkje at dei finn arvestoff, DNA, fordi det er meir ustabilt enn protein. Det er altså ikkje fare for at Jurassic Park skal bli verkeleg.
Publisert i Nysgjerrigper 4/05
Sist endret: 25.11.2005