Den som ingenting våger...
09. des 2005 06:00
Har du ofte uflaks? Slapp av, ver open og prøv alle utvegane som finst – og bli ein heldiggris.
Du har sikkert opplevd noko liknande: På ei skattejakt saman med vennene dine er det alltid nokre andre som finn den hemmelege skatten. Aldri du! Uflaks! seier du. Men det er ikkje uflaks. For viss du er plaga av uflaks, er det faktisk di eiga skuld. Det meiner i alle fall nokre som har forska på dette i Storbritannia. Forskarane undersøkte kvifor somme alltid har flaks, og kvifor somme alltid er plaga av uflaks.
Kun ei løysing
For forskjellane på heldige og uheldige personar er heilt klare. Folk utan flaks ser sjeldan vinnarsjansane og konsentrerer seg altfor mykje om éi løysing. Ein person med uflaks er gjerne bombesikker på at den hemmelege skatten ligg under ein stein. Han eller ho leitar då berre etter holrom under steinar, og gløymer å undersøkje andre stader der skatten kan vere gøymd.
Meir flaks
Folk med flaks er meir avslappa og opne. Heldiggriser prøver stadig nye ting og har som motto: ”Den som ingenting vågar, han ingenting vinn.” På skattejakt leitar dei overalt på alle tenkjelege og utenkjelege stader. Dei ser etter alle dei spennande utvegane som finst. Og dei blir heller ikkje leie seg viss dei gjer nokre bommertar. Då er det kanskje ikkje så rart at heldiggriser er mykje flinkare til å finne den hemmelege skatten, anten han ligg gøymd under ein stein eller i toppen av eit tre.
Kunne vore verre
Dei fleste meiner dei har meir flaks enn uflaks. Mange kallar det flaks når noko kunne ha gått langt verre, slik som mannen som brekte beinet og følte seg meir lykkeleg enn før. Han kalla beinbrotet for flaks. For det kunne jo gått riktig ille. Han kunne ha brekt nakken.
Heldigast i verda
Ein gong skreiv avisene om den heldigaste mannen i verda. Han hadde fått ei grein gjennom brystet. Avisene meinte det kunne gått endå verre. For mannen var berre nokre millimeter frå katastrofen. Så det var flaks at han overlevde!
Flaks og takksemd
Mange meiner òg at flaks og takksemd heng saman. Dess meir flaks, dess meir takksemd føler du. For du hadde vel vorte takknemleg om du hadde hamna i ei ulykke utan å brekke nakken eller bli spidda av ein kvist?
Publisert i Nysgjerrigper nr 4/05
Sist endret: 09.12.2005