Verdifulle metallklumpar
30. mar 2005 00:00
I eit bombesikkert kvelv under jorda i London finst ein sylinder av platina som er 4 centimeter høg. I sylinderen er talet 18 inngravert. I USA finst ein heilt lik sylinder med namnet 20. Begge er kopiar av originalen som blir kalla store K.
Den originale K, slik han ser ut i eit bombesikkert kvelv i Paris. FOTO: BIPM
Den har vore oppbevart i eit strengt vakta kvelv i Paris i 120 år. I Noreg har vi eit tilsvarande lodd, som med jamne mellomrom blir kontrollert mot loddet i Paris. Alle desse metallsylindrane veg 1 kilo, og dei blir brukte når nokon skal kontrollere at ei vekt verkar som ho skal.
No er mange bekymra for lodda. Dei vart nemleg laga i London i 1880-åra, på ei tid då det var mykje ureining. Det kan tenkjast at molekyl frå stoff som ureina London, sette seg i lodda den gongen. I så fall har desse dampa vekk med åra. Det betyr at lodda ikkje er så tunge som dei ein gong var. Men det er òg mogleg at lodda har vorte tyngre med åra fordi kvikksølv frå lufta har bunde seg til lodda. Uansett er det umogleg å sjekke om dei forandrar seg, for det er berre desse lodda som bestemmer kva ein kilo er. Vi har ingen annan sikker metode for å bestemme kor tung ein kilo eigentleg er. Derfor jobbar forskarar for å finne nye måtar som dei kan bruke til å bestemme ein kilo. I framtida tilsvarer ein kilo kanskje eit nøyaktig tal atom.
Publisert i Nysgjerrigper nr 1/05
Sist endret: 30.03.2005