Robotbilane på Mars kjører vidare
11. feb 2005 00:00
Dei to robotbilane på Mars, "Spirit" og "Opportunity", held fram kjøreturen sin over den raude planeten. Bilane landa på Mars i januar 2004.
Dette biletet er teke av Opportunity på Mars. Hjulspora viser tydeleg korleis roveren har streva seg gjennom stein i Endurance-krateret. Foto: NASA/JPL
Eigentleg vart dei konstruerte for å kjøre i berre tre månader. Men fordi dei lagar energi med solceller, kan robotbilane halde på til viktige delar blir utslitne, til bilane kjører seg fast eller veltar, eller til støv i atmosfæren legg seg på solcellene og sperrar for lyset.
Spirit utforskar ein åsrygg i eit kjempesvært krater som heiter Gusev. Her har han mellom anna teke fleire flotte bilete av utsikta over krateret. Opportunity har kjørt rundt i det vesle krateret Endurance i fleire månader. Han har bora hol i 21 steinar for å finne spor etter vatn, men no er han ferdig og har sett kursen mot kanten av krateret. Forskarane er spente på om sanden er så laus at bilen kan bli ståande og spinne utan å kome seg ut av Endurance-krateret.
Publisert i "Fysikk", bilag til Nysgjerrigper nr 1/05
Sist endret: 11.02.2005