Korleis fungerer mobiltelefonen?
09. mar 2005 06:00
Du er på ferie i Stockholm når tante Anne ringjer frå ein drosje midt i New York. Korleis har mobiltelefonen hennar funne din, og korleis kan de snakke saman?
Ein mobiltelefon er ein avansert radio som både kan sende og ta imot svake signal.
Tante Annes telefon sender eit radiosignal til ein sterk sendar i nærleiken, som så sender det opp til ein satellitt i bane rundt jorda. Derfrå går signalet til Noreg, til ein datamaskin som kan fortelje at du for tida er i Stockholm. Så går det opp igjen til ein satellitt, og til slutt når det din telefon. Den ringjer, og alt dette skjer på berre nokre få sekund. Faktisk går signala med same fart som lyset, og det er fordi radiosignala frå telefonen din er akkurat det same som lys. Heldigvis er dei av ein type som auget vårt ikkje kan sjå, for hadde vi kunna sjå mobilstråling, så hadde lufta snart vorte heilt ugjennomsiktig.
Så seier du "hallo". Mikrofonen i din telefon tek opp lyden og gjer han om til radiosignal, som så blir sende den same lange vegen tilbake til New York med lysfart. Til slutt gjer tante Annes telefon signala om til lyd igjen, og ho kan høyre kva du seier, nesten samtidig med at du seier det.
Publisert i "Fysikk", bilag til Nysgjerrigper nr 1/05
Sist endret: 09.03.2005