Superidol i dusjen
16. mai 2005 00:00
Drøymer du om å syngje som eit idol, men manglar flott songstemme? Då kan det vere ein idé å syngje i dusjen så sant han har fliser på veggene.
Keramikkfliser får nemleg lydbølgjene frå stemma di til å vibrere sterkare slik at du får vakrare songstemme. Samtidig kamuflerer flisene falske tonar. Det kan òg vere lurt å syngje i dusjen viss du er sur og lei, for ein blir rett og slett i betre humør av å syngje.
Har du lyst til å finne ut meir om korleis musikk blir skapt og påverkar oss, bør du ta ein titt på nettstaden www.exploratorium.edu/music.
Publisert i Nysgjerrigper nr 2/05
Sist endret: 16.05.2005