Krigarane sine nye klede

25. apr 2005 00:00

For 30 år sidan snubla nokre kinesiske bønder over eit par potteskår som låg slengde i ein åker. Det var dei aller første bitane av ein av dei mest fantastiske skattane i verda.

Kinesiske kermaikksoldater/Nysgjerrigper 2/05Desse kinesiske keramikksoldatane er over 2000 år gamle. FOTO: GV-PRESS Under bakken stod nemleg ein heil hær av gamle keramikksoldatar i full storleik. I løpet av åra har arkeologar forsiktig grave fram over tusen krigarar, og ein god del hestar og vogner òg. Og framleis er det mange fleire igjen i jorda.

Statuane er over 2000 år gamle. I år 210 før Kristus døydde nemleg den aller første keisaren i Kina, og dei barske leirekrigarane skulle vakte grava hans. For at hæren skulle bli ekstra fin, var uniformene måla knall raude. Men kleda har visst vorte litt rare etter alle åra i jorda. Kvar gong ein ny krigar blir graven fram, flassar han nemleg av seg heile stasen på under fem minutt.

Heldigvis har nokre tyske forskarar akkurat funne ut korleis dei skal få fargen til å sitje på. Først gjeld det å dynke soldatane med stoffet hydroxyethylmethacrylat før dei rekk å tørke ut. Når stoffet har trekt gjennom målinga, strålar dei heile herlegdommen med ein elektronstråle. Då blir nemleg kjemikaliet omlaga til superlim, som klistrar målinga fast til statuane ein gong for alle.

Publisert i Nysgjerrigper nr 2/05

Sist endret: 25.04.2005

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Marit Møllhausen 

RSS strøm
Hva er RSS?