Naturleg juks i "Oppdrag Nemo"
15. jan 2005 06:00
Har du sett filmen "Oppdrag Nemo"? I filmen møter vi klovnefisken Marlin som leitar etter sonen Nemo. Filmskaparane har fått mykje skryt for det naturtru miljøet, men litt småjuks har dei gjort:
Foto: Buena Vista International/Filmweb.no
I filmen har fisk augelokk. I verkelegheita er det berre haien som har augelokk. Men augelokka var viktige for at fiskane ikkje skulle bli uttrykkslause.
Ein annan feil er at Nemos pappa ikkje skiftar kjønn. Det gjer klovnefiskhannen dersom "kona" døyr. I opningsscena på filmen døyr nemleg Nemos mamma.
Hannhaien i filmen manglar kjønnsorgan. På verkelege haiar heng kjønnsorganet utanfor kroppen. Filmskaparane trudde det ville vekkje unødig interesse om dei teikna haien med kjønnsorgan.
Publisert i Nysgjerrigper nr 4/04
Sist endret: 15.01.2005