Høyr lyden av fisken

05. jan 2005 06:00

Torsken gryntar. Brosma brøler. Hysa dunkar. Og silda prompar. Det er slik fisken "snakkar", og kvar fiskeart har sin eigen lyd.

Syngende_fisk/Nysgjerrigper_4/04Illustrasjon: Birgitte Kolbeinsen, Melkeveien Brosma skal vere mest taletrengd og høgrøysta, sjølv om torsken òg hevdar seg godt med lydane sine. Fiskane lagar lyd ved hjelp av musklar i symjeblæra. Dei lagar helst lyd når dei skal pare seg eller gyte. Men fisk bruker også lyd til å skremme fiendar, når dei vil markere heimane sine eller åtvare mot farar.

Kvar art har eigne lydar, og fisken høyrer forskjell på lydar hos andre artar. Kanskje bruker dei lyd til å helse på kvarandre. Også spekkhoggarar, som er eit pattedyr, lagar lydar. "Norske" spekkhoggarar lagar andre lydar enn dyr som held til andre stader i verda – akkurat som om dei snakkar eit eige språk.

Sild lagar rare prompelydar om natta. Forskarane trur dei kommuniserer med kvarandre ved å klemme små bobler ut av rumpa. Kanskje ein smart måte å skremme vekk andre fiskar på?

Høyr lydane på Internett: www.imr.no/visste_du/om_biologisk_lyd/lydeksempler

Publisert i Nysgjerrigper nr 4/04

Sist endret: 05.01.2005

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Marit Møllhausen 

RSS strøm
Hva er RSS?