Flodhest med solfaktor
10. des 2004 06:00
Kva kan vere vitsen med å tørke ein flodhest med svamp kvar gong han sveittar? Dyret kan jo berre ta seg ein dukkert.
Foto: Imagebank
Vel, viss du vil finne ut noko om den raude, merkelege sveitten som huda til flodhestar skil ut, må du jo få tak i litt av han.
Akkurat det gjorde japanske forskarar. Tidlegare har nokre trudd at flodhestar sveittar blod, men det er ikkje tilfelle.
Laboratorieundersøkingar viser at fargestoffa i flodhestsveitte fungerer som ein solfaktorkrem som vernar dyret mot dei ultrafiolette solstrålane. Dessutan hindrar desse fargestoffa bakteriar i å angripe flodhesten slik at han blir sjuk. Det er altså veldig bra for flodhestar å sveitte – akkurat som for oss menneske.
Publisert i Nysgjerrigper nr 4/04
Sist endret: 10.12.2004