Ein ekte forsøksfisk eg er...
19. nov 2004 06:00
Det aller vanlegaste forsøksdyret i Noreg er verken mus eller rotter. Det er fisk!
Foto: GV-Press Dei aller fleste forsøksfiskane hjelper forskarane med å lage vaksinar til laks og aure. Rundt omkring i sjøen finst mykje bakteriar og virus, og nokre av desse kan lage slemme sjukdommar på fisk.
En million forsøksfisk
Laks og aure som lever i oppdrettsanlegg, kan også bli sjuke. Sidan dei sym saman i digre stimar, skal det ikkje så mykje til før fisken blir smitta. Heldigvis har forskarane laga vaksinar mot sjukdommane, og all oppdrettsfisk må ta sprøyte, akkurat som menneskebarn.
Men vaksinane verkar ikkje alltid heilt som dei skal, og forskarane prøver stadig å lage betre sortar. For å få det til treng dei massevis av forsøksfisk. Viss ein vil vere sikker på at ein ny vaksine er god, må ein nemleg vaksinere mange hundre eller tusen fisk i slengen.
Forskarane bruker over ein million forsøksfisk i løpet av eitt år! Dei fleste av forsøksfiskane er laks og aure, men av og til må torsk og kveite til pers også. Forsøksfiskane blir tekne godt vare på, og sym rundt i tankar eller merdar akkurat som vanleg oppdrettsfisk.
Bilete av nyklekt sebrafisk, teke med eit avansert mikroskop. Det grøne du ser, er auga. Foto: SPL/GV-Press
Sebrafisk fra Asia
Det finst også forsøksfisk som blir brukt til andre ting enn til å betre fiskeoppdretten. I kjellaren på Noregs veterinærhøgskole bur det for eksempel massevis av sebrafisk, og dei blir brukte omtrent på same måte som mus blir brukte i forsking.
Sjølv om menneske og fisk ikkje ser særleg like ut, har vi likevel mange av dei same gena. Dermed kan fiskeforsøk fortelje forskarane mykje om korleis både menneske og dyr verkar.
Gjennomsiktige egg
Sebrafiskane passar godt til å vere forsøksdyr fordi dei er små og sterke, og trivst godt i vanlege akvarium. Forskarane får faktisk plass til fleire tusen fisk i eit lite laboratorium. Men det er også noko anna som gjer denne fisken ekstra populær. Når sebrafisken veks opp, ligg han nemleg i eit heilt gjennomsiktig egg. Dermed går det an å sjå kvar minste forandring som skjer med fosteret mens det veks seg til ein ferdig fisk. Ikkje rart at sebrafisken er yndlingsdyret til alle som vil studere korleis eit liv blir til!
Publisert i Nysgjerrigper nr 4/04
Sist endret: 19.11.2004